Uniform på jobben-dagen
Heimevernssoldatane Alf Helge Hermannsen (t.v.) og Espen Lillesand stilte i uniform under frigjerings- og veterandagen 8. mai. 5. desember er dei inviterte til å stilla i grønt igjen, då under «Uniform på jobben-dagen».
Fredag 5. desember arrangerer Heimevernet Uniform på jobben-dagen for sjette gong.
Då kan du møta soldatar i uniform på butikken, bussen, skulen, legekontoret eller viss du får ein handverkar på besøk. Heimevernets soldatar kjem frå alle yrkesgrupper.
Hensikta med dagen er å skape stoltheit og anerkjenning for innsatsen til heimevernssoldatane, og å visa kor viktig Heimevernet er for lokal beredskap over heile landet. I den sikkerheitspolitiske situasjonen vi har i dag, er det viktig å synleggjera Heimevernet som ei militær avdeling klar til å bistå i fred, krise og krig.
Det er frivillig å delta i denne markeringa, og alle deltakarane har fått løyve frå sin sivile arbeidsgivar eller studiestad. Alle soldatar, befal og offiserar i Heimevernet blir oppmoda om å bera uniform denne dagen.
– Me gjer dette fordi vi ønskjer å synleggjera for Noreg kva Heimevernet er, og kven som utgjer Heimevernet. Hensikta med Uniform på jobben-dagen er å skapa stoltheit og anerkjenning for innsatsen heimevernssoldaten legg ned, og visa kor viktig HV er for den lokale beredskapen i alle landets kommunar. Me håper ein slik dag vil skapa interesse og entusiasme for HV, seier generalmajor Frode Ommundsen, som er sjef for HV.
– I den sikkerheitspolitiske situasjonen vi har i dag, er det viktigare enn nokon gong å synleggjera Heimevernet som ei landsdekkjande militær avdeling som er klar til å bistå i fred, krise og krig. Derfor oppmodar me alle soldatar, befal og offiserar i Heimevernet til å bruka uniform på arbeidsplassen eller studiestaden sin fredag 5. desember, legg generalmajor Ommundsen til.
Sist oppdatert
