Kvinnherad kommune stilte breitt på yrkesmessa i Husnes, med blant anna representantar frå Brann og redning, helse og omsorg og Bygg og eigedom til stades. (Foto: Yngvar Skarveland)

Kvinnherad kommune stilte breitt på yrkesmessa i Husnes, med blant anna representantar frå Brann og redning, helse og omsorg og Bygg og eigedom til stades. (Foto: Yngvar Skarveland)

Viste seg fram på yrkesmessa

– Det er ein viktig plass for oss å visa oss fram på.

Det seier Yngvar Skarveland ved personalavdelinga om stormønstringa i Husneshallen onsdag.

Der var om lag 40 skular og bedrifter samla for å visa seg fram for elevar ved ungdoms- og vidaregåande skule. Kvinnherad kommune stilte breitt, med representantar frå Brann og redning, helse og omsorg, Bygg og eigedom til tillegg til leiaren for personalavdelinga.

– Det er viktig for oss å treffa ungdommane, slik at me får presentert spennet i tenestene me yter, og tilsvarande visa fram spennet i arbeidskraft som me treng – både no og i framtida. Me ser at det er eit tilsvarande stort spenn blant ungdommane i kva dei interesserer seg for også, og her på messa fekk me mange av dei i tale, seier Yngvar Skarveland.

Virtuell brannsløkking under rettleiing av brannførebyggar Harald Saghaug var blant aktivitetane ein fekk testa på den kommunale standen.

Virtuell brannsløkking under rettleiing av brannførebyggar Harald Saghaug var blant aktivitetane ein fekk testa på den kommunale standen.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay