– 1. desember er dagen for å sjekka røykvarslaren, oppmodar branningeniør Wenche Korsbakke.

– 1. desember er dagen for å sjekka røykvarslaren, oppmodar branningeniør Wenche Korsbakke.

– Sjekk røykvarslaren 1. desember!

I Kvinnherad kommune har det dei siste fem åra vore 48 bustadbrannar. Test røykvarslarane og bytt batteri ved behov på Røykvarslar-dagen 1. desember.

– Alle bør merke seg 1. desember i kalenderen. Då er det Røykvarslar-dagen, og tid for å teste røykvarslarane og bytte batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi går inn i den tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier varabrannsjef i Kvinnherad, Thomas Hallquist.

Slik sjekkar du på 1-2-3:

  • Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom den ikkje fungerer, må du byta batteri eller kjøpa ein ny røykvarslar.
  • Sjekk om lyden frå røykvarslaren kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka.
  • Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar, bør dei vera seriekopla.

– Du bør bruka seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å kome dykk i tryggleik, uttalar branningeniør Wenche Korsbakke.

Røykvarslarar bør testast ein gong per månad og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge dei jamleg – det gir betre haldbarheit. Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta; batteriet kan ha gått tomt medan du var borte, og du vil då ikkje få varsel om at det bør bytast.

Ta ansvar for dine næraste

Brannstatistikken viser at nokre delar av befolkninga er meir utsette og sårbare dersom ein brann oppstår. Det gjeld mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

Mange har vanskar med å sjekka røykvarslarane sjølve. Hallquist og Korsbakke oppmodar derfor alle til å sjekke om dine næraste har røykvarslar som fungerer, og at batteriet vert bytt ved behov.

Røykvarslar-dagen er ein landsomfattande kampanje som går av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeininga, DSB og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidreg til å setje fokus på dette viktige bodskapen.

På www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.

Kontakt

Avdelingsleiar førebyggjande / Varabrannsjef:

Thomas Hallquist

Mob: 47 41 79 73

E-post: thomas.hallquist@kvinnherad.kommune.no

Branningeniør:

Wenche Korsbakke

Mob: 969 46 104

E-post: wenche.korsbakke@kvinnherad.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay