
Kvinnherad kommune samarbeider med Iowa State University, og får studentar på besøk to gonger i året. I år får Øyatun skule, Husnes ungdomsskule, Sunde skule og Valen skule besøk av studentane.
Amerikanske studentar i praksis i Kvinnherad
I år får Øyatun skule, Husnes ungdomsskule, Sunde skule og Valen skule besøk av studentane. Dei blir her i om lag åtte veker kvar gong.
Kvinnherad kommune samarbeider med Iowa State University. To gongar i året kjem lærarstudentar frå USA hit for å ha praksis på skulane våre.
Midt i praksisperioden kjem ein professor frå universitetet i Iowa for å rettleie studentane. I samband med dette har vi ein felles middag der praksislærarane, studentane, professoren, skuleleiinga, koordinatoren for samarbeidet og den skulefaglege rådgjevaren deltek.
Her er eit bilete frå middagen. Det er elevar frå 9. og 10. trinn ved Øyatun skule som har pynta, laga tre rettars middag og står for underhaldning! Maten er kortreis, med sider og laks produser på Halsnøy og potetene dyrka på øya.
Sist oppdatert
