Vegstenging mellom Austrepollen og Nordrepollen held fram

Frå tysdag 25. november blir det delvis vegstenging på vegen mellom Nordrepollen og Austrepollen.

Frå tysdag 25. november blir det delvis vegstenging på vegen mellom Nordrepollen og Austrepollen.

Entreprenøren har fått godkjent arbeidsvarslingsplan i samband med arbeid med fanggjerde på FV49 Nordrepollen.

Arbeidet startar på tysdag den 25.11.2025 og det er planlagt ferdig seinast i februar 2026, informerer Amira Alic Popovic i Vestland fylkeskommune.

Arbeid som skal utførast er:

Reperasjon av fanggjerde, utskifting av nett og stolpar, inkludert bardunar.

Fanggjerde må demonterast og setjast opp igjen heilt på nytt.

Det skal gravast trasé for fotplater, støypast såle under fotplatene og fanggjerde skal monterast på nytt i tråd med dagens krav.

Vegen blir stengt i periodar etter oppsett oversikt etter avtale med VLFK og Skyss.

Vegbanen blir stengt heilt og delvis, og det kan bli dirigering på grunn av arbeid med lift, kranbil og gravemaskin.

Det er også arbeid i høgda frå tau i samband med montering av nettet i traseen.

Oversikt over vegstenging (måndagar til torsdagar):

08:00-08:45

09:00-10:45

11:30-12:45

13:00-14:30

15:00-15:30

16:00-17:30

17:50-18:45 (ventar på siste buss 930)

Det vil bli fire ferjer i Jondal entreprenøren ikkje har opning på: 10:20, 12:20, 14:20 og 17:20.

Det blir fri ferdsel etter 18:45.

Utrykkingskøyretøy har eigen avtale med entreprenøren for passering.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay