Bygginga av Husnes barneskule er fanga på film.

Bygginga av Husnes barneskule er fanga på film.

Sjå timelapse frå bygginga av barneskulen

Det nærmar seg at den nybygde skulen på Husnes skal takast i bruk. Vegen fram dit har blitt grundig dokumentert – blant anna gjennom denne videoen.

Ordførar Vegard Bjørnevik sette gravemaskingrabben i jorda i mars 2024, og starta med det arbeidet med nye Husnes barneskule. Tidleg i prosessen sette totalentreprenøren Consto Bergen AS opp eit kamera på Kvinnherad Arena som tok bilete kvart tiande minutt så lenge det var dagslys. Desse bileta er no sett saman til ein film som viser framdrifta at bygginga av skulen.

Her kan du sjå filmen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.!

– Filmen viser godt kor fort bygginga har gått, og det er ein kjekk dokumentasjon over prosjektet å ha med seg, seier prosjektleiar Svein Are Furdal.

30. oktober overtok Kvinnherad kommune bygget, og no er stort sett alle møblar på plass. Det manglar litt skjermar og mindre innreiing, men det nærmar seg at skuleelevane og -administrasjonen skal få flytta inn.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay