Emma Røyrvik Olderkjær er tildelt Kvinnherad kulturstipend for 2025. (Foto: Privat)

Emma Røyrvik Olderkjær er tildelt Kvinnherad kulturstipend for 2025. (Foto: Privat)

Kvinnherad kulturstipend 2025 til Emma Røyrvik Olderkjær

Emma Røyrvik Olderkjær er ein filmskapar frå Sunde som held på med siste året av masterstudiet i dokumentarproduksjon ved Universitetet i Stavanger, og er tildelt Kvinnherad kulturstipend for 2025.

Det var møte i tildelingsgruppa 10. november 2025. Hilde Zwaig Kolstad frå SKL, Vivi Tranøy Loftheim frå Sparebanken Norge og Bente Nilsen frå Kvinnherad kommune vurderte sju innsendte søknadar. Dei skriv dette om tildelinga:

– Røyrvik Olderkjær vert tildelt kulturstipendet for filmproduksjonen «5450 Sunde - Filmen om kvardagsheltane». Dokumentarfilmen fortel historia om korleis andre verdskrig påverka folk på Sunde. Den tar for seg to forskjellige sider av filmskaparen si eiga familie, og skal gjennom intervju med gjenlevande, og eksisterande arkivmateriale, gjenskapa historia og atmosfæren som prega bygda dei urolege åra på 40-talet.

Med dette prosjektet ber filmskaparen fram ei viktig kulturarv og lokalhistorie gjennom eit spennande møte mellom generasjonar. Temaet er framleis høgaktuelt og Røyrvik Sunde ønskjer å leggja til rette for at filmen vert inkludert i undervisninga til skulane i Kvinnherad når den er ferdig, så «barn i kommunen får læra seg den lokale historia til heimbygda», som ho skriv i søknaden.

Lokale songar og dikt er planlagde som poetiske verkemiddel i produksjonen og fyrste visning av filmen skal vera på Bergslaget på Sunde.

Stipendet er på 50 000 kr. og er eit samarbeid mellom Sparebanken Norge, Sunnhordland kraftlag (SKL) og Kvinnherad kommune. Tildelinga skjer i Rosendal på frivilligheita sin dag fredag 5. desember.

Vinnaren vert invitert med følgje til staseleg felles utdeling for både kulturpris og frivilligpris på Rosendal fjordhotell 5. desember klokka 1700.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay