Sundegutane song og underheldt då dagavdelinga til Husnestunet hadde haustfest i Bergslagen. (Foto: Birte T. Eik)

Sundegutane song og underheldt då dagavdelinga til Husnestunet hadde haustfest i Bergslagen. (Foto: Birte T. Eik)

Haustfest på dagavdelinga

Torsdag hadde dagavdelinga på Husnestunet haustfest for brukarane og pårørande.

– Festen hadde vi i Bergslagen på Sunde. Vi var heldige å med oss Kjell Magne Stråbø som fortalte historia til bygget. Videre hadde vi besøk av Sundegutane som song og spela til oss. Vi hadde nydeleg viltgryte levert frå Husnestunet og kaffi og kaker, fortel avdelingsleiar heimeteneste sør, Husnes gruppe 5 Birthe T. Eik.

Eldsjela Kjell Magne Stråbø fortalte om Bergslagen og historia og bakgrunnen for at bygget er blitt det der er no.

Eldsjela Kjell Magne Stråbø fortalte om Bergslagen og historia og bakgrunnen for at bygget er blitt det der er no.

Det blei også høve til ein liten basar, med fine gåver som dagavdelinga har laga. Pengar til arrangementet kom frå Rosenkrans-stiftinga, der dagavdelingane i kommunen blei tildelt gåve.

– Det var ei kjempekjekk stund der vi kosa oss masse, sluttar Eik.

Det vart også tid til ein liten basar.

Det vart også tid til ein liten basar.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?