
Prosjektleiar Sindre Handegard (t.v.) i Consto AS og prosjektleiar Svein Are Myklebust Furdal i Kvinnherad kommune tok kvarandre i handa som teikn på at kommunen no har delovertatt Husnes barneskule. (Foto: Privat)
Overleverte nyeskulen til kommunen
4194 kvadratmeter skule er no overtatt av Kvinnherad kommune. Tida fram til nyttår skal brukast på å gjera alt heilt klart.
Torsdag 30. oktober tok prosjektleiinga til Kvinnherad kommune og utbyggjar Consto AS kvarandre i nevane på at no er Husnes barneskule overtatt av Kvinnherad kommune.
– Dette er det me kallar ei delovertaking. No vil ein byrja å flytta inn møblar, allereie neste veke er ein i full gang med det, slik at alt er klart til å ta i mot elevar og vaksne i den nye skule over nyttår, seier prosjektleiar Svein Are Myklebust Furdal.

No er anleggsgjerdene tatt ned, og skuleområdet er ope for ålmenta. Det inkluderer også leikeapparata. (Foto: Kvinnherad kommune)
Kontraktfesta dato for overtaking var opphavleg 31. januar. Det betyr at ein har skulen ferdig tre månader før tida.
– Dette trur eg er første gong me tar over eit prosjekt før dato. Ein del ligg på god styring og gode val i planleggingsfasen, og så har Consto AS gjort sin jobb med så ekstrem framdrift, slår Furdal fast.
Overtakingsforretninga vart gjort 30. oktober. Der var det lite å setja fingeren på, melder prosjektleiaren.
– Me har gått ferdigsynfaringar heile veka og gjort alt den skikkelege jobben før den formelle biten vart tatt på torsdag, seier Furdal.
Men prosjektleiinga sin jobb er ikkje ferdig enno.
– Me skal følgja opp bygget framover, inventar skal skaffast til skulen kjem og me skal følgja opp eventuelle avvik i driftsfasen. Det er eitt år med prøvedrift på det tekniske anlegget, påpeikar Furdal.

Prosjektleiinga til Consto AS og Kvinnherad kommune er begge godt nøgde med samarbeidet om den nye storskulen på Husnes. (Foto: Privat)
Skulen har rett over 4000 kvadratmeter i netto areal, har plass til 250 elevar. Arbeidet, materialval og løysingar har vore gjort med miljø i fokus, og skulen ligg an til å bli Breem-klassifisert til «very good», noko prosjektleiinga er både stolt og nøgd med.
Ettersom området ikkje lenger er ein byggje plass, er gjerdene tatt ned og uteområdet er no tilgjengeleg for alle, inkludert leikeapparata.
– Og dei ser me at allereie har blitt prøvde, sluttar Furdal.
Sist oppdatert
