
Denne veka er eigenberedskapsveka. Har du førebuddd deg? (Foto: DSB)
Slik bidrar du til Norges beredskap
Denne veka er eigenberedskapsveka. Kvinnherad kommune dristar seg til å vidare formidla DSB sine tilrådingar i samband med eigenberedskap.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap skriv dette om eigenberedskap:
Norske styresmakter tilrår at flest mogeleg er førebudde på å klara seg sjølv i éi veke. Det er fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ein krise.
Brosjyren på nynorsk finn du her pdf, 507 kB, åpnes i nytt vindu..
Me lever i ei stadig meir uroleg verd – blant ann som følgje av klimaendringar, krig og digitale trugslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må me vera førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råka oss.
Er du budd?
Korleis vil du og dine næraste klara dykk om straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva viss du ikkje får handla på ei veke?
Straumbrot kan føra til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og høve til matlaging ikkje fungerer som normalt.
Eigenberedskap handlar om å vera førebudd på slike situasjonar.
Styrk din eigenberedskap!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidrar du til at myndigheitene kan prioritera dei som treng mest hjelp.
Ved å vera førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegga vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.
Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Eigenberedskap for ei veke
I sjekklista for din eigenberedskap finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom dine behov, og vurdera kva løysingar som er mogeleg der du bur. Hugs at familie, venner og naboar kan samarbeida om eigenberedskap. Sjekk ditt lager med jamne mellomrom.
Kjelde: DSB
Sist oppdatert
