
4. september signerte ordførar Vegard Bjørnevik og fylkesleiar Rita Tveiten i Nasjonalforeningen for folkehelsen avtalen som forpliktar Kvinnherad til å bli ein demensvenleg kommune.
Arbeidet med demensvenleg samfunn i gang
4. september signerte ordføraren og i Nasjonalforeningen for folkehelsen avtalen om gjera Kvinnherad til ein demensvenleg kommune. No er arbeidsgruppa i gang.
– At Kvinnherad kommune inngår ein slik avtale er storvegs, og det viser at det er vilje og driv kring det, slo Tveiten fast før ho og ordføraren signerte avtalen.
I starten av 2025 var det ifølge demenskartet 369 med demens i Kvinnherad, eit tal som vil auka med 97 i løpet av året.
I Kvinnherad er ifølge demenskartet 2,85% av innbyggjarane råka av demens. Dette er over snittet, ein av grunnane er at ein har ei aldrande befolkning. Folk kan leva lenge med sjukdomen, men dei blir ikkje betre.
– Me ynskjer at de ser denne avtalen som ei mogelegheit og ikkje ei utgift, sa Tveiten under sigeringsseansen, og påpeika at no må det jobbast.

Rita Tveiten frå Nasjonalforeningen festa pinsen deira på jakkesalget til ordførar Vegard Bjørnevik etter signeringa av avtalen.
Ordførar Vegard Bjørnevik sa seg samd med Tveiten, og understreka at dette berre er starten på arbeidet.
Avtalen handlar om opplæring og bevisstgjering av alle som møter personar med demens ute i samfunnet. Ein ynskjer at personar med demens skal føla seg inkluderte i lokalmiljøet, og ha moglegheit til å delta i nødvendige kvardagsaktivitetar, i tillegg til å kunna bu heime lengst mogleg.
Eit meir demensvennleg samfunn handlar om å møta personar med demens på ein god måte. Gjennom at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettere å leva med sjukdommen og resultatet er eit vennlegare samfunn for alle.
Oppstartsmøte
Arbeidsgruppa for Kvinnherad demensvennleg samfunn var oppretta i forkant av avtalesigneringa og 29. september var det oppstartsmøte.
Til stades var:
Evelyn Mehl Willumsen, leiar i Hukommelsesteamet
Håvard Sætrevik, informasjonsavdelinga til Kvinnherad kommune
Grethe Brundtland, representant frå Eldrerådet
Eli Roseth Eik, representant frå Uskedalen Helselag/Nasjonalforeningen for folkehelsen Kjellfrid Bruntveit, pårøranderepresentant
Bente Nilsen, Frivilligsentralen
Med i gruppa, men ikkje til stades: Lene Vangberg Monsen Frivilligkoordinator institusjon.

Arbeidsgruppa for demensvennleg samfunn består av Grethe Bruntland (Eldrerådet), Evelyn Mehl Willumsen (Hukommelseteamet), Bente Nilsen (Frivilligsentralen), Eli Roseth Eik (Uskedalen Helselag), Kjellfrid Brundtveit (Pårøranderepresentant) og Håvard Sætrevik (Informasjonsavdelinga til Kvinnherad kommune) Med i gruppa, men ikkje til stades på biletet er også Lene Vangberg Monsen (Frivilligkoordinator institusjon).
I møtet gjekk ein gjennom plan for rekruttering, og konkluderte med at ein ynskjer å kontakta blant anna taxinæringen, butikktilsette, bussjåførar, frivillige i omsorg, biblioteket og Husnes kultursenter.
Planen er å starta opp med kurs i slutten av januar. For å koma i gang med det, vert det sendt ut e-post til aktuelle kurskandidatar i november, med oppfølging i starten på januar.
For meir om demensvennlege samfunn, sjå heimesida til Nasjonalforeningen for folkehelsen: https://nasjonalforeningen.no/tilbud/demensvennlig-samfunn/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
