Opnar for søknader om tilskot til bustadutvikling

Har du eit bustadprosjekt som kunne trengt litt draghjelp? No kan du søkja om tilskot!

Kvinnherad kommune ynskjer å bidra til auka bustadbygging. Kommunestyret har difor vedteke ei eiga tilskotsordning retta mot utbyggjarar. Ordninga har som mål å bidra til realisering av dei relevante måla i samfunnsplanen Kvinnherad2050.

Tilskot kan gjevast etter søknad, og kommunen opnar no søknadsprosessen for den første runden med tildelingar.

Ordninga er særskilt knytt opp mot denne målsetjinga: «Det må leggast til rette for samarbeid mellom kommunen og lokalt næringsliv for å kunne tilby nok og tenlege bustader med høg kvalitet i bygdesentera.»

Søknadsfrist for tildeling i 2025 er sett til 31. oktober. I år er det sett av 5 millionar kroner til ordninga, men med tak på kr. 1 million pr. prosjekt.

Retningslinjer for ordninga finn du i denne pdf-en pdf, 94 kB, åpnes i nytt vindu..

For søknad, nytt dette skjemaet: Stimuleringsmidlar med rettleiing - Søknad (4617) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay