
Uvêret fredag var varlsa, og i så måte var det påfølgjande straumbrotet kanskje ikkje ei overrasking. Men var du budd på at det skulle skje? (Glenn Rokeberg/DSB)
Var du førebudd på straumbrotet?
Uvêret gav oss ei påminning om at uføresette hendingar kan skje, og med det ei påminning om å bu oss på desse.
I helga var det mange som var utan straum, utan vatn i springen, og det var mange vegar som var uframkommelege.
Det er mellom anna slike situasjonar styresmaktene vil at vi skal rusta oss for. Ekstremvær blir det berre meir av. På heimesidene til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) finn ein alt du treng for å klara deg nokre dagar utan straum og vatn med meir. Var du førebudd? https://www.dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
