Galeasen «Gurine» var i ferd med å slita seg frå Skålakaien natt til laurdag. Kvinnherad brann og redning var med og berga skuta. (Foto: Kvinnherad brann og redning)

Galeasen «Gurine» var i ferd med å slita seg frå Skålakaien natt til laurdag. Kvinnherad brann og redning var med og berga skuta. (Foto: Kvinnherad brann og redning)

Stor innsats for å handtera stormen «Amy»

Utfordringane blir mange når vêret slår til slik som i helga. Alt i alt var rundt 40 tilsette i Kvinnherad kommune i sving for å handtera situasjonar som vind og straumstans skapte.

Travlast av alle hadde truleg beredskapsleiar i Kvinnherad brann og redning Are Blokhus.

– Me hadde mange hendingar og samtidige hendingar. Det starta fredag kl. 13 med knekte telefonstolpar og beslag som hadde blese av Husnes Storsenter. På kvelden hadde me eit branntilløp i eit hus samtidig som det bles heller ned i Skålagato, illustrerer Blokhus.

12 hendingar på 24 timar

Han slår fast at branntilløpet kunne blitt mykje større hadde det ikkje vore for ein observant forbipasserande som kom til og sløkte brann ved hjelp av eit pulverapparat.

Neste utfordring: Galeasen «Gurine» var i ferd med å slita seg frå Skålakaien midt på natta, til liks med MF «Rygerfonn».

– 65 tonn på videvanke er ikkje noko lita sak, kommenterer han.

– Totalt sett hadde eg 80 samtalar på telefonen i løpet av døgeret, parallelt med at me skal handtera desse 12 separate hendingane. I alt hadde me 25 personell i drift. Husnes stasjon der det har vore flest utrykkingar for oss. Ølve hjelpte til på ymse infrastruktur, mens det var mindre å gjera for Rosendal stasjon enn frykta. Men 12 hendingar på 24 timar er mykje, oppsummerer Blokhus.

Trefall stengte vegar

Terje Natland, einingsleiar for Veg og park, fortel at vaktlaget hans fekk rikeleg med stengte vegar å ta seg av.

– Me har hatt alt som kan krypa og gå ute, og hadde seks mann ute med motorsag heile laurdag, seier Natland.

Han, til liks med fleire av dei andre tenesteområda, skryt at anleggsbransjen som stilte opp og hjelpte til.

– Det blir ei utfordring for oss når straumen går, konkluderer einingsleiar for Vatn og avløp Egil Eide i etterkant av helga.

Då får vassbehandlingsanlegg problem med rensing og/ pumping. Det gjorde at Vatn og avlaup måtte senda ut kokevarsel på Utåker. Varaldsøy fekk hjelp til å fylla eit magasin på laurdag slik at dei hadde vatn. Det vart sett inn dieselaggregat som måtte fyllast på med diesel laurdag kveld. Her var det ikkje kommunikasjon grunna lanvarig straumbrot, så der reiste dei bort for å fylla eit magasin.

Ølve vassverk fall ut pga straumbrot. Her vart det òg sett inn diesel aggregat som ein måtte fylla på laurdag. Nokre abonnentar vart utan vatn eller lågt trykk.

– Me hadde kalla ut to ekstra på vakt i helga, slik at me var fire totalt for å ta seg av det som kom, seier Eide.

Skryt for innsatsen

Einingsleiar for Bygg og eigedom Knut Bjørgvik melder at vakta deira også hadde ei hektisk helg.

– Rosendalstunet fekk den hardaste trykken av våre bygg, og det gjekk ut over vindauge og veggplater. Også på Kulturskulebygget fekk veggplater det, og me hadde ein lekkasje på Kvinnherad Arena, oppsummerer Bjørgvik.

E-kommunikasjon opplevde noko utfall, mest grunna straumutfall. Alarmane til pleie og omsorg var nokre stadar ute ein kort periode. I desse alarmane har ein både Telia og Telenor som skal auka beredskapen der.

– Det er lagt ned ein monaleg innsats frå veldig mange. Eg må få takka og rosa dei alle for jobben som er gjort, skryt ordførar Vegard Bjørnevik i etterkant av uvêrshelga.

– Det har vore ein ekstrem situasjon, men det har også vore gjort ein ekstrem innsats av dei som var ute, seier kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?