
Det er varsla ekstrem vind i Kvinnherad generelt, og Rosendal og Varaldsøy spesielt fram mot laurdag. (Skjermdump frå Yr)
Varslar om ekstrem vind i Rosendal og på Varaldsøy
Meteorologisk Institutt har spesifikt peika ut Rosendal med kastevindane som utsett område for vinden som no treff landet. Beredskapen er etablert på fleire felt.
Også på Varaldsøy er det venta kraftige vindkast fredag og laurdag.
Oppmodinga om å sikra gjenstandar som kan bli tatt av vinden har allereie gått ut i fleire kanalar. Slik varsla for det neste halvanna døgeret er, kan denne oppmodinga trygt repeterast.
Det er mellom anna lurt å venta med å setja ut boskontainarane til vinden har gitt seg utpå søndagen.
Det er også meldt høg vasstand i sjøen frå søndag 5. oktober av, og ein ventar høg flo
Einingane Brann og redning, Vatn og avløp og Veg har allereie gjort førebuande grep, og kjem til å vera i beredskap inn i helga.
Også BKK har tatt konsekvensen av varsla, og har auka beredskapen sin for å møta eventuelle hendingar dei neste dagane. Meir om dette finn ein i pressemeldinga til BKK Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Modellen under illustrerer utviklinga Yr spår for vêret frå fredag til søndag.
Sist oppdatert
