
I førre veke representerte Nav Kvinnherad-leiar Maria Sadowska og Anne Tangen Rørdal Kvinnherad kommune på konferansen «Frå fag til folk – samhandling i praksis».
Arbeidsinkludering i praksis – når samarbeid gir resultat
I førre veke representerte Nav Kvinnherad-leiar Maria Sadowska og Anne Tangen Rørdal Kvinnherad kommune på konferansen «Frå fag til folk – samhandling i praksis»
Samlinga var i regi av Statsforvaltaren i Vestland der ein løfta fram korleis tverrfagleg samarbeid kan skapa reell endring for menneske i kvardagen.
Sadowska og Tangen delte erfaringar frå korleis Nav og pleie- og omsorgstenestene jobbar saman for å inkludera fleire i arbeidslivet og samtidig styrka evna til å behalda tilsette.

Nærvær, utanforskap og inkluderingskompetanse var noko av det Tangen Rørdal og Sadowska snakka om.
– Det handlar om å sjå heile mennesket, byggja relasjonar og skape rom for meistring både for arbeidssøkjarar og tilsette. Samhandling i praksis er ikkje berre eit omgrep, det er eit verktøy for å byggja eit meir inkluderande og berekraftig arbeidsliv. Som Nav-leiar ønskjer eg å takka alle som bidrar kvar dag, med varme hjarte og kloke hovud, melder Sadowska etter konferansen.
Ho meiner at i ei tid der mange står utanfor arbeidslivet og pleie- og omsorgstenestene samtidig strevar med å halda på dyktige tilsette, er det inspirerande å sjå korleis samarbeid kan skape reell endring.
I Kvinnherad har Nav og pleie- og omsorgstenestene funne ein felles veg: Å inkludera fleire og behalda dei som allereie står i jobb.
– Gjennom målretta innsats, tett oppfølging og tilrettelegging har me sett korleis menneske med ulik bakgrunn og arbeidsevne får høve til å bidra, veksa og bli ein verdifull del av arbeidsfellesskapet. Dette handlar ikkje berre om rekruttering. Det handlar om å byggja kultur, skapa tryggleik og gje rom for meistring. Når ein helsefagarbeidar får støtte til å stå i jobben litt lenger eller ein arbeidssøkjar får sin første praksisplass i omsorgstenesta, då skjer arbeidsinkludering i praksis, formidla Tangen og Sadowska til konferansen.

Sist oppdatert
