I veke 43 blir det samvaksinasjon i Rosendal og på Husnes.

I veke 43 blir det samvaksinasjon i Rosendal og på Husnes.

Vaksinasjonsprogram for vaksne i Kvinnherad hausten 2025

1. juni 2025 blei det innført eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Programmet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar som er i risikogrupper.

Kvinnherad kommune tilbyr samvaksinasjon av influensavaksine, koronavaksine og pneumokkvaksine i veke 43:

Rosendal samfunnshus: 
20.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
21.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00

Kulturhuset Husnes: 
22.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
23.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
24.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00

Hatlestrand:

Veke 44. Ta kontakt med helsesenteret for time

 

Vaksinane kan og setjast hos fastlegen din.

Samvaksinering (Influensa, korona og pneumokokk)

På samvaksinasjonsdagene kan du ta både influensavaksine, koronavaksine og pneumokkvaksine viss du er i mågruppa for dei ulike vaksinene (sjå målgrupper).

Dersom alle tre vaksinene blir sette samstundes, blir det tilrådd å setje korona- og pneumokokkvaksinen i kvar si arm.

Barn og unge i risikogruppa blir bedne om å ta kontakt med helsestasjonen for å få eigen time til vaksinasjon.

For meir og utfyllande informasjon, besøk https://www.kvinnherad.kommune.no/tenester/barn-og-familie/helsestasjon/vaksinering Lenke til et annet nettsted. eller sjå denne pdf-en pdf, 233 kB, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay