Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustadar i Kvinnherad  kommune. (Foto: CKrisitansen/Wikipedia.no)

Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustadar i Kvinnherad kommune. (Foto: CKrisitansen/Wikipedia.no)

Tilsynskampanje med radon i utleigebustadar

Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustadar i Kvinnherad kommune.

Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustadar i Kvinnherad kommune. Dette er del av ein nasjonal tilsynskampanje i regi av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyna lokalt.

Utleigarar må måle radon

Alle som leiger ut bustad skal kunne dokumentere at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene for radon. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjere tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernsforskrifta og gjeld alle typar utleigebustadar, både offentlege og private.

Meir informasjon om regelverket finst her: https://dsa.no/radon/radon-i-utleieboliger Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Korleis skal det førast tilsyn?

Kommunen sender ut brev til utvalde utleigebustadar. Utleigar får spørsmål om det er målt radon, om målinga følgjer måleprosedyra til DSA, og om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar. I tillegg blir det stilt spørsmål om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden.

Har du enno ikkje målt i utleigebustaden din?

Då kan du byrje å planleggje ei radonmåling til hausten. Radon skal målast i ein periode på minimum to månader i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har krav på å få dokumentasjon på radonnivåa.

Du kan lese meir om korleis ei radonmåling skal gjerast på nettsidene til DSA: https://dsa.no/radon/slik-maler-du-radon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kvifor er det viktig å måle radon?

Å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoauken blir bestemd av kor lang tid ein blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking og medverkar årleg til rundt 400 lungekrefttilfelle i Noreg.

Kva er grensene for radon?

Dess lågare radonnivåa er, dess lågare er lungekreftrisikoen. Derfor bør radonnivåa alltid vere så låge som praktisk mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, til dømes 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjere tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.

Meir informasjon om radon finn du her: https://dsa.no/radon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay