
Skulekameratane i Omvikdalen barnehage bidrog i ryddinga i fjor. Det gjer dei truleg i år også.
Bli med på årets ryddedugnad!
Kvinnherad frivilligsentral koordinerer aksjonen for Kvinnherad kommune. På Frivilligsentralen i Rosendal og på Husnes kan du få utlevert sekkar og hanskar til å bruka i ryddinga.
Naturvernforbundet Kvinnherad stiller som lokal ryddeleiar. Skular og barnehagar bidrar stort, men fleire frivillige er velkomne til å bidra!
– I hovudsak har me no folk som ryddar i områda rundt skular og barnehagar rundt i kommunen, men det er fleire deler av kommunen som treng ryddast. Ta gjerne i eit tak om du ynskjer! oppmodar Veronica T. Thorsen ved Frivilligsentralen.
Har du båt og vil bidra, er det og mykje bos rundt øyar og strender som ikkje andre kjem til. Alt hjelper og avfallet kan du kasta gratis i ein av containerane som er plassert ut for dette formålet. Alt bos må fraktast til container av den som ryddar.
Containerar står tilgjengelege ut denne veka fire stader i Kvinnherad:
Hatlestrand, grusparkering ved kaien.
Halsnøy, ved barneskulen.
Husnes, ved parkering ved campingen.
Dimmelsvik, i Vikjo (her er det også tilkomst med båt).
– Det er meldt inn ei utfordring frå publikum, dersom nokon har høve til å ta på seg oppgåva. Det har reke i land deler av ein båt i Bjellandsneset på Sunde. Dersom nokon har ein båt som kan hente denne, pluss eventuelt litt anna boss, så hadde det vore fint. Meld frå til Frivilligsentralen om du kan bistå med denne oppgåva, seier Thorsen.
Meir info finn du på framtidshavet.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
