
Sju prøvar vart tatt onsdag etter at det vart påvist e.coli-bakterirar på Halsnøy. Alle kom torsdag tilbake som reine.
Tok sju prøvar på onsdag – alle kom tilbake reine
Funnet av e.coli i vassprøve på Halsnøy på onsdag førte til omfattande prøvetaking same dag. Alle desse er reine, opplyser eining for vatn og avløp torsdag.
Onsdag tok eining for vatn og avløp fire prøvar på Halsnøy, samt på Husnes, Sunde og Valen.
– I dag kom det tilbakemelding på vassprøvar tatt i går, og alle var reine. Nye prøvar vert tatt i dag som me vil få svar på i morgon. Kokevarsel for Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy gjeld framleis, og vert ikkje oppheva før det er levert to reine prøvar. På vår heimeside under «kvaliteten på drikkevatnet» kan du sjå kva vatnet kan nyttast til og kva som må kokast før bruk, melder einingsleiar for vatn og avløp Egil Eide.
Sist oppdatert
