
Nytt kokevarsel for Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy
Onsdag fann ein diverre e.coli i drikkevatnet på Halsnøy. Etter samråd med Mattilsynet sender ein no ut kokevarsel i heile forsyningsområdet til Husnes vassverk.
– Me tar nye prøvar i dag, og er dei fine i morgon tar me ei ny vurdering med Mattilsynet. Mest truleg er dette frå vatn som har bevega seg mellom prøvepunkta me har tatt no desse dagane, forklarer einingsleiar for vatn og avløp Egil Eide.
Dette gjeld når du har motteke kokevarsel:
Kvinnherad kommune fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet om å anbefala koking ved mistanke om at drikkevatnet kan væra foureina. Terskelen for å anbefala koking av drikkevatnet er svært låg med bakgrunn i "føre var" prinsippet. Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoka i eit minutt.
Folkehelseinstituttet sine råd til privathushaldningar
I tillegg til drikke, bør du koka vatn som skal nyttast til:
- All mat som ikkje skal kokast eller varmehandsamast over 100 grader.
- Utblanding av saft, og andre produkt som vert drukke eller ete.
- Isbitar.
- Kaffi. (Kaffitraktar kokar ikkje vatnet)
- Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast.
- Tannpuss.
- Barn bør ikkje leika med vatnet i hagevatnar, eller bada i barnebasseng i periodar med kokevarsel.
Ukokt vatn kan nyttast til:
- Koking av mat.
- Håndvask.
- Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll på små barn.
- Mauell oppvask og oppvaskemaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt.
- Klesvask.
- Reinhald i huset.
- Anna bruk heima.
Sist oppdatert
