Einingsleiar for prosjekt Erlend Bøyum, næringssjef Grete Solheim og ordførar Vegard Bjørnevik inviterer næringslivet til møte om komande prosjekt i regi av Kvinnherad kommune.

Einingsleiar for prosjekt Erlend Bøyum, næringssjef Grete Solheim og ordførar Vegard Bjørnevik inviterer næringslivet til møte om komande prosjekt i regi av Kvinnherad kommune.

Inviterer næringslivet til informasjons- og dialogmøte

Bakgrunnen for initiativet 23. september er at Kvinnherad kommune ønskjer å leggja til rette for meir deltaking frå lokalt næringsliv i kommunen sine anbodsprosessar.

Dagen startar med suppe i kantina til Fonnafjord Næringspark kl. 1445, ei servering som blir følgd opp med kaffi og gulrotkake etterpå. Sjølve møtet startar kl. 1500 i same lokale.

Ordførar Vegard Bjørnevik innleiar, og orienterer mellom anna om omfanget av tenester som kommunen treng framover, inkludert fokuset som ligg på det grøne skiftet.

Næringssjef Grete Solheim gir status om næringsareal.

Einingsleiar for prosjekt Erlend Bøyum orienterar om kommunale investeringar framover og gir ein statusoppdatering på dei pågåande utbyggingane.

Driftseiningane bygg, vatn og veg orienterer om kjøp av tenester hos lokalt næringsliv.

Det blir informasjon om anbodsprosessar og regelverk ved innkjøpar Jorunn Karin Furdal og leiar for innkjøpsforum Sunnhordland Ilja Serov. I tillegg vil det også bli orientert om klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar.

Me er takksame for påmelding innan 18. september, noko som kan gjerast i formsskjemaet under.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay