
Innfører kokevarsel for abonnentar på Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy
Det er funne bakteriar i ein vassprøve ved Husnes Vassverk, og det er no sendt ut kokevarsel av drikkevatnet til abonnentane på Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy.
Varselet vart sendt ut torsdag føremiddag, grunna funn av bakteriar i ein vassprøve.
– Det vanlegaste spørsmålet er kor lenge eit slikt varsel varer? Det tar eitt døger å analysera prøven, og me treng to godkjente prøvar før me kan oppheva kokevarsel. Viss svaret me får i morgon (fredagen) er at prøven er rein, så tar me ny prøve då. Det betur at det tidlegaste me kan oppheva varselet, er laurdag, opplyser leiar for Eining for vatn og avløp Egil Eide.
Han opplyser at eininga vil halda fram å informera abonnentane via sms kvar dag fram til ein tilbake til normal vasskvalitet.
NB: Som ein konsekvens av kokevarselet, held symjebassenget på Undarheim skule stengt til vatnet er friskmeldt.
Dette gjeld når du har motteke kokevarsel:
Kvinnherad kommune fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet om å anbefala koking ved mistanke om at drikkevatnet kan væra foureina. Terskelen for å anbefala koking av drikkevatnet er svært låg med bakgrunn i "føre var" prinsippet. Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoka i eit minutt.
Folkehelseinstituttet sine råd til privathushaldningar
I tillegg til drikke, bør du koka vatn som skal nyttast til:
- All mat som ikkje skal kokast eller varmehandsamast over 100 grader.
- Utblanding av saft, og andre produkt som vert drukke eller ete.
- Isbitar.
- Kaffi. (Kaffitraktar kokar ikkje vatnet)
- Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast.
- Tannpuss.
- Barn bør ikkje leika med vatnet i hagevatnar, eller bada i barnebasseng i periodar med kokevarsel.
Ukokt vatn kan nyttast til:
- Koking av mat.
- Håndvask.
- Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll på små barn.
- Mauell oppvask og oppvaskemaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt.
- Klesvask.
- Reinhald i huset.
- Anna bruk heima.
Sist oppdatert
