Det er 18 parti du kan stemma på i Hordaland i år. I tillegg er det blanke stemmer du kan nytta om du ynskjer det alternativet.
Slik blir valdagane i Kvinnherad 7. og 8. september
Det er fire stader du kan levera stemma di på valdagen; i rådhuset, i Festsalen og på Øyatun og Hatlestrand skular.
I rådhuset i Rosendal og i Festsalen i Kulturhuset Husnes blir det ope søndag 7. september klokka 12-16 og måndag 8. september klokka 10-19.
På Øyatun skule på Halsnøy og Hatlestrand skule blir det ope for røysting måndag klokka 10-19.
Førehandsrøystinga stengjer fredag klokka 14. Ønskjer du å levera røysta di i Kvinnherad, men er manntalsført i ein annan kommune, så må du gjera dette innan kl. 14 på fredag 5. september.
Så langt har over 35 prosent av dei røysteføre i Kvinnherad avgitt si stemme.
For å finna meir informasjon som er relevant, kan du vitja https://www.valg.no/for-velgere/stortingsvalget-2025/stemme-pa-valgdagen/. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
