
I samband med at det torsdag formiddag vart spylt ope eit tett kloakkrøyr, har underetasjen på Husnestunet blitt råka av sterk kloakklukt. Tannlegekonteret stengte og sendte pasientar heim allereie før lunsj, og helsesenteret gjorde det same litt seinare.
Stengde tannlegekontor og helsesenteret grunna kloakklukt
I samband med at det torsdag formiddag vart spylt ope eit tett kloakkrøyr, har underetasjen på Husnestunet blitt råka av sterk kloakklukt.
Tannlegekonteret stengte og sendte pasientar heim allereie før lunsj, og helsesenteret gjorde det same litt seinare.
Slik stoda er no (pr. kl. 1415) er det berre Øyeblikkelig Hjelp som går som vanleg, og inntil vidare vil Legevakta operera som vanleg når ho opnar kl. 1700.
– Me har berre operatørsentral her, og prøver av den grunn å halda legevakta open på vanleg stad. Blir ulempa for dei tilsette for stor, så kjem me til å sjå på alternative løysingar. Korleis me i så fall løyser det, lyt me koma tilbake med då, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland.
Det blir lufta i lokala, og ein ventar å ta i bruk lokala som vanleg frå fredag morgon.
Sist oppdatert
