15. beste i landet på førehandsrøyster
%20IMG_0648.jpeg)
Kvinnheringane er dei 15. mest flittige førehandsrøystarane i landet i år.
Midtvegs i veke tre etter at førehandsrøystinga starta, har 24,6 prosent – nær 2500 – kvinnheringar gitt si stemme. Det er den 15. beste oppslutnaden i landet.
Sidan 1. januar 2024 har Norge hatt 357 kommunar. Oppslutnaden om førehandsvalet i Kvinnherad er altså betre enn 352 av desse.
– Det er veldig gledelege tal. Eg ser deltakinga i valet så langt i samanheng med at me har fire faste stader med førehandsrøysting, i tillegg til at me har bokbussen som ambulerande røystestad. At me er tilgjengelege fleire stader med vår oppsøkjande verksemd, trur eg slår ut i høgare deltaking i valet, og høgast mogeleg deltaking er eit mål for oss, seier valleiar Lars Næs til Kvinnherad kommune.
Kristiansund ligg førebels høgast med heile 31,2 % del av dei røysteføre som har stemt. Austevoll ligg på andre plass med 28,8 %. Føre Kvinnherad ligg store byar som Oslo, Bergen, Stavanger, Ålesund, Moss og Lillehammer, for å nemna eit utval. Ullensvang ligg 0,4 % bak oss, på ein ryddig 19. plass.
Talet på røysteføre i Kvinnherad er til opplysing 10.001.
Sist oppdatert
