%20IMG_0676.jpg)
Urnene for førehandsrøysting får køyrt seg. I førre veke vart nærare tusen røyster tatt i mot.
Nær tusen røysta førre veke
Etter to veker med førehandsrøysting har 1515 avgitt si stemme til stortingsvalet i Kvinnherad.
Det betyr at rundt 950 røystesetlar fann vegen ned i éi av urnene som blir brukte på dei fire ulike førehandsrøystestadene. Ved rådhuset og biblioteket har ein tatt i mot førehandsrøyster i to veker no, medan Øyatun (tysdag og torsdag) og Haltestrand (tysdag og fredag) skular opna for å ta i mot røyster i førre veke.
Komande veke er bokbussen ambulerande røystestad fleire plassar
25. august:
Utåker 1230 - 1430
Åkra 1530 - 1730
Matre 1800 - 1900
26. august:
Uskedalen 1600 - 2000
27. august:
Borgundøy 15 - 1645
28. august:
Varaldsøy (kaien) 1245 - 1430
Sundal 1600 - 1800
Førehandsrøystinga er open fram til fredag 5. september kl. 14.
Sist oppdatert
