Foreldregrupper - Tryggleikssirkelen (COS-P) hausten 2025

COS-P rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.
Tilbakemelding frå foreldre som har delteke tidlegare;
«Dette anbefalar vi for alle»
«Dette er også for foreldre som ikkje kjenner eit stort behov for rettleiing»
«Samlingane gir ei større forståing for barnet sine behov og reaksjonar»
Samlingar hausten 2025:
Me startar med ei gruppe på dagtid og ei på kveldstid i Rosendal.
Gruppe 1
Samlingane blir onsdagar kl. 16.30-18.00 og startar onsdag 24. September.
Oppmøteplass blir rådhuset i Rosendal på møterom Manen.
Kurshaldarar er Ann Katrin Aksnes Haugland og Linda Saghaug.
Gruppe 2
Samlingane blir onsdagar kl. 13.00-14.30 og startar onsdag 24. September.
Oppmøteplass blir rådhuset i Rosendal på møterom Manen.
Kurshaldarar Ann Helen Lyngnes og Anita Røen.
Påmelding innan fredag 19. september til Linda Saghaug tlf.: 90 36 83 61
E-post: linda.saghaug@kvinnherad.kommune.no
Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i alderen 10 månadar til 8 år.
Kurset er for alle. Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at bornet ditt har særskilde behov, for å delta. Kurset føregår i grupper med ca 10 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på ca. 1,5 time ein gong i veka. Samlingane er gratis.
Vi har tidlegare erfart at det er kjekt om venegrupper melder seg på cos-p saman. Vener som dannar eiga gruppe kan ta kontakt for å få cos-p samlingar.
Her finn du meir informasjon om familiestøtte og COS-P Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
