
Førre veke gav 567 inn si røyst til stortingsvalet her i Kvinnherad. Fleirtalet av dei gjorde det på biblioteket på Husnes.
Så mange stemte i Kvinnherad i førre veke
567 røyster vart avgitt i Kvinnherad første veka etter at førehandsrøystinga opna.
1. august starta førehandsvalet i kongeriket, og i Kvinnherad var responsen den første veka god. 549 av dei som står i manntalet i kommunen har allereie tatt sitt val og gitt si røyst ved éin av dei to røystestadane som var opne førre veke, altså rådhuset i Rosendal og biblioteket på Husnes.
I tillegg var det 18 personar som er manntalsførte i andre kommunar som nytta seg av mogelegheita til å gje si røyst via Kvinnherad. På toppen av desse 567 innleverte røystene kjem 11 såkalla tidlegrøyster, som vart avgitte i perioden frå 1. juli og fram til den ordinære førehandsrøystinga tok til.
Denne veka opnar også førehandsrøystinga på Halsnøy og Hatlestrand, med ope stemmelokale på tysdagar og torsdagar på førstnemnde og tysdagar og fredagar på sistnemnde.
Sist oppdatert
