Heimevernet øver i Kvinnherad

Heimevernet skal ha øving frå 26. august til og med 1. september. I den perioden vil det vera ein del militært personell i kommunen.

Områdeleiar Tor Vidar Sæle opplyser at dei kjem til å vera fleire stader rundt i kommunen, inkludert langs vegane. Det vil bli skyting på Midthølen skytefelt og inne på Grønningen, i avgrensa omfang på sistnemnde stad.

- Det kan bli brukt lysrakettar og sporlys etter mørkets faembrot under øvinga i området. Øvinga vil òg strekkja seg innover Ullensvang, Eidfjord og Etne kommunar. Skilt og varsling vil bli sett opp når skyting pågår, med vakthald rundt, legg Sæle til.

Tidsrommet er altså frå 26. august til og med 1. september.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay