Oransje farevarsel for nedbør og vindkast

Det er sendt ut farevarsel for regn og vind for tysdag 5. august. (Skjermdump frå varsom.no)

Det er sendt ut farevarsel for regn og vind for tysdag 5. august. (Skjermdump frå varsom.no)

Frå midnatt til kl. 17 på tysdag er det sendt ut oransje farevarsel for nedbør og vindkast.

Mest truleg blir dette vêret mest merkbart sør for Kvinnherad, men ein blir likevel rådd til å ta omsyn til at det kan både regna mykje og blåsa sterkt. Dette er eit langvarig varsel til vindkastvarsel å vera. Årsaka er eit lågtrykk som er på veg inn frå Storbritannia.

Ein blir oppmoda om ta forholdsreglar som å sikra lause gjenstandar og sjekka at nedløp og rister kan ta seg av store vassmengder. Vegar kan bli stengte på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen, og mange reiser vil kunna få lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengte, samt det er fare for innstilte avgangar for ferjer, snøggbåtar, fly og annan transport. Den sterke vinden kan gi lokalt høge bølgjer i fjordstrøk.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay