Torsdag ettermiddag og kveld er det varsla fare for styrtregn og lyn. (Skjermdump frå Meteorologisk Institutt)

Torsdag ettermiddag og kveld er det varsla fare for styrtregn og lyn. (Skjermdump frå Meteorologisk Institutt)

Oransje farevarsel for styrtregn og lyn

Meteorologisk Institutt har saman med Norges vassdrags- og energiverk gått ut med oransje farevarsel for styrtregn og lyn torsdag ettermiddag og kveld.

I eit møte i regi av Statsforvaltaren si beredskapsavdeling presiserte Meteorologisk Institutt at ein må vera budde på potensielt stor lokal variasjon på både nedbør og lyn. Likevel ser dei på sjansen for at det kan koma store mengder regn på kort tid i eit belte som strekkjer seg frå Agder gjennom Rogaland og Vestland, og vidare nord og aust gjennom Møre og Romsdal og inn i sørlege delen av Trøndelag.

– Det er vanskeleg å varsla, for nokre område får mykje, medan andre kanskje ikkje får i det heile, sa vakthavande ved Meteorologisk Institutt i møtet til Statsforvaltaren.

Kvinnherad kommune har vore i dialog med dei ulike vaktlaga til kommunen for vera i beredskap om ein skulle bli råka av store nedbørsmengder. For innbyggjarane gjeld generelle råd som å reinsa stikkrenner, rister, kulvertar, bekkar og andre avløpsvegar, samt visa aktsemd i trafikken om ein køyrer når det regnar mykje.

For meir informasjon kan ein lesa denne saka hos Meteorologisk Institutt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay