Informasjon og kommunikasjon i krisar

Førebu deg derfor på korleis du skal få informasjon viss straumnett, mobilnett eller internett sluttar å fungere! (Foto: Simen Prestaasen/DSB)
I krisa er det viktig at du får informasjon frå myndigheitene om kva som skjer og kva du bør gjera.
Førebu deg derfor på korleis du skal få informasjon viss straumnett, mobilnett eller internett sluttar å fungera.
Råd om informasjon i kriser
- Ha ein DAB-radio som fungerer sjølv om straumen blir borte. Det finnes ulike variantar som går på batteri eller som kan ladast med solceller eller sveiv.
- Ha ein batteribank som bli lada opp jamleg.
- Ha ein liste på papir med viktige telefonnummer viss du må låne ein telefon.
- Sjekk med din kommune om dei har møteplassar eller andre ordningar kor du kan få informasjon dersom straum og telekommunikasjon er nede.
Krisesituasjonar er uoversiktlege, og informasjonen du får påverkar vala du tar. I ei krise bør du søka informasjon frå myndigheitene sine kanalar og frå redaktørstyrte journalistiske media som er underlagt Vær Varsom-plakaten og redaktørplakaten. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikra informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedia og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege.
Pass på at informasjonen du får – og deler videre – er til å stole på. Les mer om kildekritikk. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Les meir om eigenberedskap her: https://www.dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert