Ordførar Vegard Bjørnevik tok i mot den filipinske ambassadøren Enrico Fos.

Ordførar Vegard Bjørnevik tok i mot den filipinske ambassadøren Enrico Fos.

Offisielt besøk av den filippinske ambassadøren

Fredag 20. juni var Kvinnherad kommune vertskap for offisielt besøk av den filippinske ambassadøren Enrico Fos med følgje. Det vart ein gjevande seanse.

Ordførar Vegard Bjørnevik og varaordførar Thea Vaage tok i mot ambassadør Enrico Fos, kona hans Myla Fos og attaché Margarita P. Manigo.

Rosendal Musikklag stod for ein velkomst som rørte ambassadøren. Dei hadde øvd inn den filippinske nasjonalsongen, og musikklaget fekk mykje skryt for framføringa si.

Ambassadør Enrico Fos og kona Myla (t.h.) vart rørte av Rosendal Musikklag si framføring av den filippinske nasjonalsongen. Fungerande kommunedirektør Anbjørn Høivik (t.v.), varaordførar Thea Vaage og ordførar Vegard Bjørnevik var ditto stolte over framføringa.

Blant poenga ambassadør Enrico Fos la vekt på i rosen var den innleiande trommevirvelen, som stadig vart kutta i andre framføringar, og at marsjen vart framført med kadens.

Rosendal Musikklag får kanskje førespurnader om nye oppdrag etter velkomsten dei gav den filippinske ambassadøren på fredag.

Rosendal Musikklag får kanskje førespurnader om nye oppdrag etter velkomsten dei gav den filippinske ambassadøren på fredag.

At det filippinske flagget fekk vaia i den midtarste av flaggstengene utanfor rådhuset, vart tolka som ein svært vennleg gest frå Kvinnherad si side.

– Eg har aldri blitt møtt med musikk på denne måten, og heller aldri blitt møtt med flagget vårt på heidersplassen. Det er til å bli rørt av, sa ein takksam ambassadør.

Det filippinske miljøet i Kvinnherad tel i underkant av 100, og mange av dei hadde funne vegen til rådhuset for å få med seg ambassadørbesøket.

Det filippinske miljøet i Kvinnherad tel rundt 200, og mange av dei hadde funne vegen til rådhuset for å få med seg ambassadørbesøket.

Det filippinske miljøet i Kvinnherad tel rundt 200, og mange av dei hadde funne vegen til rådhuset for å få med seg ambassadørbesøket.

– Det er ein stor kontingent av filippinarar her, og det det er prisverdig at dei har fått ein plass i samfunnet her. Og så er det viktig at dei også tar ein plass i samfunnet, og gjerne bidrar med å sjølve gå i leiinga, sa Fos under lunsjen saman med Kvinnherad-kontingenten.

Under lunsjen vart det utveksla gåver. Ordførar Vegard Bjørnevik fekk førsteklasses filippinsk rom, og gav karafell i retur.

Under lunsjen vart det utveksla gåver. Ordførar Vegard Bjørnevik fekk førsteklasses filippinsk rom, og gav karafell i retur.

Fos hadde interessante betraktningar på korleis filippinske hender kan hjelpa til å møta utfordringane som Norge og Kvinnherad står ovanfor når det kjem til å fylla alle arbeidsoppgåvene som kjem i framtida, kanskje spesielt innan sjukepleiarar og sjømenn.

Enrico Fos (t.v.), Myla Fos, vegard Bjørnevik og Thea Vaage var alle veldig nøgde med besøket.

Enrico Fos (t.v.), Myla Fos, vegard Bjørnevik og Thea Vaage var alle veldig nøgde med besøket.

Laurdag blir det stor samling på Stord for filippinarar i heile Sunnhordland og på Haugalandet. 7-800 er venta til arrangementet, inkludert ordførar Vegard Bjørnevik, som kjem til å få eit gjensyn med ambassadør Enrico Fos allereie då.

Fungerande kommunedirektør Anbjørn Høivik hadde ein kort presentasjon av Kvinnherad.

Fungerande kommunedirektør Anbjørn Høivik hadde ein kort presentasjon av Kvinnherad.

Det filippinske flagget fekk heidersplassen blant flaggstengene føre rådhuset, og det på ein dag med beskjedent med vind.

Det filippinske flagget fekk heidersplassen blant flaggstengene føre rådhuset, og det på ein dag med beskjedent med vind.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay