
Trygve Øvstebø fortalte om garden, riding i fjellet, turisme og om bygda Åkra.
Fylte buss til Opne hus i Åkra
Rømmegraut, låvedans og full buss var tre av ingrediensane då Opne hus skipa til busstur til Åkra på tysdag.
– Vi vart 41 deltakarar som var med på busstur til Åkra på tysdag. Turen gjekk frå Husnes, via Rosendal til Åkra. Vêret var med oss, og det blei ein fin tur innover fjorden til Åkra, med trekkspelmusikk frå bakarste rad av Øyvind Hardeland, fortel Lene Vangberg Monsen om turen.

Rjomegrauten vart henta over fjorden frå Åkrafjordtunet til Smiedal gard.
I Åkra var dei møtt av Trygve Øvstebø, eigaren av Smiedal gard, som hadde vore heilt til Åkrafjordtunet i båt for å henta rømmegraut og spekemat over fjorden til servering på låven på rustikke bord i frå Eikemo.
Trygve Øvstebø fortalte om garden, riding i fjellet, turisme, om bygda Åkra og om den årlege kyrkje roinga der kyrkjefolket kjem roande ut fjorden heilt frå Fjæra til gudstenesta i Åkra kyrkje.
Trekkspelet kom fram på låven under maten, og etterpå var det dags for ein låvedans for dei som ønskte det.
Foto: Lene Vangberg Monsen og Bente Nilsen/Kvinnherad kommune

Tysdag 3. juni gjekk turen til Åkra.
Sist oppdatert
