2G-nettet er under avvikling. Det kan få konsekvensar for ulikt utstyr, men neppe for telefonbrukaren. (Foto: Telia)

2G-nettet er under avvikling. Det kan få konsekvensar for ulikt utstyr, men neppe for telefonbrukaren. (Foto: Telia)

2G-nettet blir avvikla

Dei ulike operatørane opererer med ulike stengedatoar, men 2G-nettet er uvilkårleg på lånt tid.

– Etter å ha tent oss godt i meir enn 30 år har 2G snart utspelt si rolle. Frå august 2025 stenger Telia sitt 2G mobilnett, medan Telenor byrjar stenginga av sitt 2G-nett 31.12 2027. Utstyr som er avhengig av 2G-nettet vil dermed slutte å virke, melder ByttNettNå, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Telenor og Telia.

Leiar for infrastruktur i Telia Norge Georg Svendsen peikar på at stenginga vil frigjera frekvensplass slik at 4G- og 5G-nettet blir enda betre, raskare og når ut til fleire.

– Færre og færre bruker 2G, og med stadig fleire tilkopla einingar i nettet er det heilt andre behov og krav i dag enn då 2G ble etablert, supplerer han.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?