Det aller første Opne hus-arrangementet gjekk til Bondhusvatnet med Benthe Bondhus som guide.

Det aller første Opne hus-arrangementet gjekk til Bondhusvatnet med Benthe Bondhus som guide.

Første Opne hus-tur unnagjort

Dei hadde både vêret og selskapet med seg då det aller første Opne hus-arrangementet blei gjennomført.

Kvinnherad kommune har fått 752.000 kroner til å gjennomføra prosjektet som er kalla «Med hjarte for alle i Kvinnherad». Kvar tysdag framover – med unnatak av eit knippe sommartysdagar – har frivilligkoordinatoren på institusjonane og frivilligsentralen planlagt turar og arrangement med mål om å motverka einsemd og passivitet.

Turen gjekk i strålande vêr.

Turen gjekk i strålande vêr.

20. mai var startskotet, og 17 kvinner og menn tok opp tilbodet om å bli med på tur til Bondhusvatnet. Benthe Bondhus var guide og hadde lokal historieforteljing undervegs på turen. Lunsj og kaffi vart inntatt ved Bondhusvatnet i strålande sol.

– Me hadde ein fantastisk tur med latter og glede, og etablerte nye kjennskap, seier Lene Vangberg Monsen etter den aller første spretten.

Neste arrangement er Kulturkafé Husnes m/lunsj og kino kl. 1130 til 15 tysdag 27. mai. Den er det inga påmelding til. Vil du delta og har transportbehov? «Hent meg»-bussen kan bestillast på: 55 55 90 99 måndag-fredag kl. 08-17.

Les meir om dei komande arrangementa her: https://www.kvinnherad.kommune.no/populaere-lenker/opne-hus

Lunsj og kaffi vart nytt ved bordet oppe ved Bondhusvatnet.

Lunsj og kaffi vart nytt ved bordet oppe ved Bondhusvatnet.

Turen opp tar kring tre kvarter, som vart tatt med godt humør på turgjengen på 17.

Turen opp tar kring tre kvarter, som vart tatt med godt humør på turgjengen på 17.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?