Beret Sirma-Tellefsen Hveem blir rektor for Undarheim skule frå 1. august. (Foto: Privat)

Beret Sirma-Tellefsen Hveem blir rektor for Undarheim skule frå 1. august. (Foto: Privat)

Beret blir ny rektor for den største barneskulen vår

Beret Sirma-Tellefsen Hveem har takka til tilbodet om å bli rektor for Undarheim skule.

– Veldig kjekt og veldig stas å få tillita til å vidareføra arbeidet ein er i gang med her, seier Beret Sirma-Tellefsen Hveem (45) i samband med at ho frå 1. august går frå å vera avdelingsleiar for 1.-4. trinn ved Undarheim skule til å bli rektor for same skulen.

– Det er veldig spennande å gå opp i rektorjobben. Me har starta ein prosess i samarbeid med personalet, som er viktig å driva vidare. Me skal inn i ny skule i løpet av skuleåret, og har jobba gjennom åra med det å førebu den overgangen. Det blir kjekt å koma til eit bygg som er tilrettelagt for enda meir variert undervisning, seier Beret.

Ho presiserer at sjølv om ho blir rektor, så er personalet saman om å skapa ein god skule i dei nye lokala.

Beret Sirma-Tellefsen Hveem var lærar på Undarheim frå 2012 til 2019, og var tilbake på skulen som avdelingsleiar i hausten 2024. Ho er 45 år, oppvaksen i Kirkenes og bur på Halsnøy.

– Eg har jobba i alt frå fådelt barneskule til vidaregåande, og har ein brei bakgrunn, seier ho.

Undarheim skule har om lag 200 elevar no, og blir kring det same til skulestart. Rundt 40 tilsette skal syta for oppstart av skuleåret 2025/26 på gammal skule, med overflytting til den nye skulen midt i skuleåret.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?