Alf Helge Hermannsen (t.v.) og Espen Lillesand flankerte tale- og appellhaldarane fungerande ordførar Thea Vaage og fungerande varaordførar Silvia Tofte under kransenedlegginga på bauten ved Husnes kyrkje.
Markerte frigjerings- og veterandagen med tale og song
Torsdag var det 80 år sidan andre verdskrigen tok slutt og Norge igjen var eit fritt land. Dagen vart markert på ein måte som viser at Kvinnherad ikkje tar fridommen for gitt.
Elevar frå 2. og 5. trinnet frå Undarheim skule song ved Husnes kyrkje. Dei avslutta sine tre songar med to vers av «Ja, vi elsker».
Det er tradisjon for to markeringar av 8. mai i regi av Kvinnherad kommune, ei ved bautaen ved Husnes kyrkje og ei ved bautaen ved rådhuset.
Begge stader var det appell frå fungerande varaordførar Silvia Tofte og tale av fungerande ordførar Thea Vaage. Begge knytte dagen til hendingar deira respektive besteforeldre, som gjennomlevde verdskrigen og ikkje minst opplevde frigjeringsdagen, hadde gjenfortalt til dei.
Elevar frå sjette trinnet på Malmanger skule song avsluttingsvis under markeringa ved bauten utanfor rådhuset.
Som ei påminning om at 8. mai også er veterandagen, stod heimevernssoldatane Alf Helge Hermannsen og Espen Lillesand vakt med flagg under kransenedlegginga ved begge bautaane.
Ved Husnes kyrkje fekk ein musikalsk følgje av elevar frå 2. og 5. trinnet frå Undarheim skule. Dei avslutta sine tre songar med to vers av «Ja, vi elsker».
Det var eit godt frammøtet under markeringa ved rådhuset.
Seansen i Rosendal fekk tilsvarande songstøtte frå 6. trinnet ved Malmanger skule, som song to songar.
Etter at kransen var lagt ned, hadde ordføraren invitert veteranar til kaffi og kake i rådhuskantina. Der vart det ei triveleg stund for eit selskap på rundt 15. Ordføraren vonar å gjera invitasjonen til ein tradisjon i dei komande åra.
Ordføraren viste at Kvinnherad set pris på innsatsen til veteranane i kommunen ved å invitera til kaffi og kake i rådhuskantina etter kransenedlegginga.
Sist oppdatert