
Søndag er det klart for den store familiedagen på kinoar over heile landet, inkludert på Husnes kino. (Pressefoto)
«Den store familiedagen» på Husnes kino
Husnes kino har sett opp tre gøyale familiefilmar til halv pris kommande søndag.
– Den animerte superheltkomedien «Hundemannen» og «Kayara - På eventyr i Inkariket». To ypperlege familiefilmar. Og ikkje minst; me har også fått inn ei eksklusiv førpremiere på «Noahs Ark!»
For å få publikum attende til dei mjuke og gode kinosetene jobbar det nasjonale kinomiljøet med å styrka kinoen som samlingspunkt. Det vil sjølvsagt me også vera med på! Dette er eit veldig fint tilbod som me håpar mange ynskjer nytta seg av, uttrykker Kristine Røyrvik ved Husnes Kino.
Sist oppdatert