%20IMG_1170%20kopi.jpg)
Margunn Øvsthus hadde i førre veke med seg eit kopplam i Hatlestrand barnehage. Det er vanskeleg å finna måleeiningar som seier noko om kor stas det var. (Foto: Vivann Tuften)
Tok med kopplam i barnehagen
Mjølk på flaske, hol til halen i bleia og titals hjelpande hender. Det var gjennomgangstonen då Margunn Øvsthus tok med seg eit kopplam i barnehagen.

Sauebonde Margunn Øvsthus frå Varaldsøy er fagarbeidar i Hatlestrand barnehage. Kvart år tar ho eit kopplam med seg på ein arbeidsdag i barnehagen, til glede for både barn og lam.
– Margun gjer dette kvart år, og det blir ein spesiell dag og ein fin tradisjon, seier styrar i barnehagen Viviann Tuften.
– Me har hatt sauer og andre dyr som tema i barnehagen før kopplammet kjem. Det er Ikkje alle som har vakse opp på gard, og då er det kjekt å få ein dag med eit lam slik som dette. Her fekk barna skikkeleg nærkontakt, smiler Tuften.

Bleie med hol til halen sytte for at lammet kunne gå akkurat dit lammet sjølv, alternativt barna, ville.
Dagen vart truleg noko intens for både barn og lam, for det mangla ikkje på noko tidspunkt på merksemda. Mjølk på flaske er naudsynt for lammet, og stor stas å få gje for barnehagebarna.
Konklusjonen i 2025 liknar elles mykje på konklusjonen frå tidlegare år:
– Det held med ein dag, sluttar Tuften.

Det mangla ikkje på kos og merksemd på kopplammet til Margunn Øvsthus.
Sist oppdatert