Endring i kartgrunnlag for skuleskyss
Frå skulestart 2025/2026 vil Skyss bruka eit nytt kartgrunnlag for å berekna avstand for skuleskyss.
Dette kan føra til endringar ved at enkelte elevar som tidlegare har hatt skuleskyss grunna avstand til skulen, ikkje lenger har rett på dette. Dei dette gjeld vil få melding om det, og kan eventuelt søkja om skuleskyss dersom dei meiner dei har anna grunnlag for skyss.
Skyss har delt denne informasjonen om endringa frå :
«Nytt kartgrunnlag
Frå skulestart 2025/2026 går vi over til nytt kartgrunnlag for berekning av avstand for skoleskyss. Grunnen til overgang er at tidlegare kartgrunnlag ikkje lengre blir haldt ved like, og at vi no får same grunnlag i heile Vestland fylke.
Ein del elevar vil oppleve at målinga blir annleis. Mellom anna er ein del nye gangvegar tatt inn i grunnlaget, medan nokre vegar er tatt bort. For enkelte elevar kan det gi utslag for retten til gratis skoleskyss. Skoleskyss blir målt langs kortaste gangbare veg, og avstandskravet er absolutt. Dersom avstanden er for kort, men elev eller føresett meiner at vegen er særleg farleg eller vanskeleg må ein søkje om skoleskyss til kommunen.»
Sist oppdatert