
Kanskje så mange som 500 potensielle brukarar av den nye kunstgrasbanen møtte opp til snorklippet.
Folkefest då Husnes kunstgrasbane opna
Onsdag formiddag klipte kulturministeren snora og erklærte den nye kunstgrasbanen i Husnes idrettspark for opna, til glede for dei hundrevis av barn og unge som stilte på feiringa.

Kultur- og inkluderingsminister Lubna Jaffery fekk oppdraget med å klippa snora.
Arbeidet med Husnes kunstgrasbane er mest heilt i mål, og onsdag 30. april vart høvet nytta til å feira det. Fungerande ordførar Thea Vaage var festleiar for baneopninga, og ho talte innleiingsvis og introduserte mellom anna musikalske innslag frå to av Kvinnherad kommune sine kulturskuleelevar.
Etterpå fekk kultur- og inkluderingsminister Lubna Jaffery oppdraget med å klippa snora føre kanskje så mange som 500 potensielle fotballspelarar frå nedslagfeltet til Trio. Sunde, Valen og Undarheim skular, samt Husnes ungdomsskule stilte på kunstgraset for å få med seg seansen.

Artur Zimin tromma opp stemninga i forkant av snorklippet.
Etter snorklippet vart det feira på tradisjonelt vis, med kake, kaffi og pølse i brød, før to klassar frå Husnes ungdomsskule gjorde unna den første semioffisielle kampen på den nye banen.
Banedekket er levert av Sport Surface og grunnarbeidet er gjort av Dimmelsvik Entreprenør. Dekket er identisk med det nye dekket på kunstgrasbanen i Rosendal, og har innfyll i kork og kokosnøttfibrar. Dette er dei to første banane med miljøinnfyll i Kvinnherad.

To klassar frå Husnes ungdomsskule fekk spela den aller første kampen på den nye kunstgrasbanen.
– Det vil bli ei høveleg markering når alt er klart på desse to banane, der me vil takka dei som har stått for jobben, kommenterer kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen i forlenginga av opninga onsdag.
Kommunen har hatt eit veldig godt samarbeid med hovudbrukaren Trio i bygginga av banen, som utfyller det allereie veldig fine idrettsanlegget på Husnes idrettspark.

Pølsekøen var laaaaang!
Sist oppdatert