Me er heldige og har vatn i springen stort sett heile tida i Kvinnherad, men visste du at du bør ha 20 liter drikkevatn i beredskap pr. person i husstanden din?

Me er heldige og har vatn i springen stort sett heile tida i Kvinnherad, men visste du at du bør ha 20 liter drikkevatn i beredskap pr. person i husstanden din?

Korleis kan du vera budd om krisa oppstår?

I Spania lamma eit straumbrot heile landet måndag. Korleis kan me som innbyggjarar vera budde i tilfelle noko liknande skulle råka Kvinnherad?

Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har utarbeidd ein folder med råd for eigenberedskap, som inkluderer råd om kva du bør ha i heimen din, samt korleis du går fram om ei krise skulle oppstå.

Foldaren finn du her: https://www.dsb.no/siteassets/sikkerhverdag/egenberedskap/brosjyren/dsb-egenberedskap-nynorsk-uu-web_ny.pdf Lenke til et annet nettsted.

Nokre av dei viktigaste råda kjem her:

Du treng vatn til drikke, matlaging og hygiene. Ved å lagre rundt 20 liter drikkevatn per person dekkjer du minimumsbehovet for éi uke dersom noko skulle skje med vatnet i springen. Delar av væskebehovet kan dekkast med jus, brus og anna alkoholfri drikke.

Du bør difor ha ein reserveplan for å halde varmen. DSB tilrår at du har følgjande heime:

  • Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
  • Eit lager med stearinlys og fyrstikker eller lighter.
  • Lommelykter eller hovudlykter for å sjå i mørket (hugs ekstra batteri)

I ei krise er det ikkje sikkert at du får handla mat. Du bør difor ha nok mat for ei veke til alle i husstanden. Tenk gjennom korleis du skal lage mat dersom du ikkje har straum eller vatn. Bruk først maten som har kort haldbarheit (t.d. kjøle- og frysevarer).

Meir informasjon om beredskap kan du finna med utgangspunkt i denne nettsida:

https://www.dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/felles-egenberedskap/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?