Sistehjelp – eit kurs om å gje støtte og lindring i livets sluttfase
Verdighetssenteret kjem til Kvinnherad for å halda kurs for pårørande, personale, vener, naboar, kort sagt alle over 18 år i emnet sistehjelp.
Kurset i sistehjelp består av fire modular á 45 minutt.
- Døden - ein del av livet
- Planlegging av framtida
- Å lindre
- Siste farvel
Det handlar om korleis me som venner, nabo eller pårørande kan ta vare på dei rundt oss når dei er alvorleg sjuke eller døyande. Kva kan me gjera, små og store ting, som betrar livskvaliteten. Me er innom ulike tema som kva skjer når nokon døyr, dødsprosessen, at døden er ein del av livet, korleis kan me planleggja, korleis snakka saman, praktisk sistehjelp, sorg m.m.
Det er framleis nokre plassar igjen på kvar stad.
Rosendalstunet 29.04 kl. 17.30-21.30
Husnestunet 30.04 kl. 17.30-21.30
Kurset er gratis, og har plass til 12 personar på kvart kurs.
Påmelding til gke@verdighetsenteret.no eller tlf.nr 91185041 eller bruk QR-kode.
Meir info her; sistehjelp Lenke til et annet nettsted.

Skann venstre kode for å melda deg på kurs på Husnes, høgre for å melda deg på kurs i Rosendal.
Sist oppdatert