
Statkraft åtvarer om farleg is i regulerte vassdrag. (Foto: Statkraft)
Åtvarar om farleg is
Farleg is på regulerte vatn og vassdrag som er påverka av regulering.
Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka, varslar Statkraft.
Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.
Dei viser til NVE sitt iskart.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. der du finn meir opplysningar om ulike områder.
Vel trygg rute, respekter skilting og inngjerding
– Område med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markere også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vere områder med fare for svak is eller holrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Sjå gjerne iskart.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for meir informasjon, oppmodar Statkraft.
Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting.
Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.
Me ynskjer alle ein god, lokal og trygg tur!
Ønskjer du ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med Statkraft:
Kraftverksgruppe Hardanger v/Kristin Lindvik, tlf. 476 32 160 eller
Tyssedal/Mauranger – Hans Henrik Haukaas, tlf. 909 91 966
Eidfjord/Bjølvo – Jan Tore Kvale, tlf. 413 12 503
Statkraft Energi AS, Hardanger, 5783 Eidfjord, tlf. 53 67 30 40
Sist oppdatert