For tredje år på rad inviterer Ungdomsteamet, Nattcaféen, Frivilligsentralen, Kvinnherad Arena og frivillige eldsjeler til «Vårspretten».

For tredje år på rad inviterer Ungdomsteamet, Nattcaféen, Frivilligsentralen, Kvinnherad Arena og frivillige eldsjeler til «Vårspretten».

Vårspretten 2025 - No er det ein tradisjon!

For tredje år på rad inviterer Ungdomsteamet, Nattcaféen, Frivilligsentralen, Kvinnherad Arena og frivillige eldsjeler til "Vårspretten" - eit rusfritt arrangement for ungdomar i Kvinnherad!

Datoen er sett til 30. april i Kvinnherad Arena, og vi ser fram til ein kveld full av spanande og kjekke aktivitetar. Blant anna kan ein vere med på innebandy, volleyball, blaze pods, Just Dance-diskotek, spele PlayStation og mykje meir. NAF stiller med Veltepetter og Mytelauget (Rollespelklubben) kjem! I tillegg vert det servert gratis pizza til alle.

Arrangementet varer frå kl. 18:00 til 00:00, og det vert sett opp gratis buss heim etter arrangementet for dei som treng det. I år har vi laga til påmelding til buss, slik at vi ser kor stort behovet er.

Vi er glade for at vi i år har fått støtte frå Kvinnheradstiftinga, noko som gjer det mogleg å arrangere Vårspretten for tredje gong.

Treng mange frivillige

For å gjennomføre arrangementet på best mogleg vis treng vi også i år mange frivillige. I fjor hadde vi rundt 70 frivillige med oss som gjorde ein formidabel innsats. Vi oppfordrar foreldre, eldsjeler og andre til å melde seg som frivillig via Friskus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Dei frivillige frå tidlegare år melder om ein kjekk kveld saman med ungdommar frå heile kommunen.

Vi gler oss til å sjå deg på Vårspretten 2025!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?