Strekninga Gjetingsdalen - Turebergtunnelen kan bli råka av nedetid i mobildekninga medan oppgraderinga til 5G i Telenor-regi føregår tysdag og onsdag.

Strekninga Gjetingsdalen - Turebergtunnelen kan bli råka av nedetid i mobildekninga medan oppgraderinga til 5G i Telenor-regi føregår tysdag og onsdag.

Over 100 adresser i Mauranger risikerer å vera utan mobildekning i dag og i morgon

Telenor oppgraderer til 5G i Mauranger, og 105 adresser kan bli råka av nedsett kapasitet fram til 9. april.

– Me oppgraderer nettet vårt slik at fleire får tilgang til 5G, og det skjer ved at basestasjonane blir oppgraderte. I området som basestasjonen dekkjer, vil det under oppgraderinga vera lågare kapasitet og periodar inga dekning, opplyser Telenor i ein e-post til Kvinnherad kommune.

Dette gjeld berre dei områda der ein ikkje har overlappande dekking frå annan basestasjon. I frå Gjetingsdalen til nordenden av Furebergstunnelen vil ein tysdag og onsdag kunna bli råka av nedetida.

Det er til saman 105 adresser innanfor Ænes som er venta å mista dekning i periodar, i tillegg alle dei som køyrer på strekninga.

Skulle du vera på Nordlifjell 972 meter over havet dei neste dagane, kan du oppleva manglande dekning når du skal dokumentera turen din live på sosiale media.

Telenor melder at dei varslar kundar som har trådlaus breiband og abonnement på mobil direkte om dei mister dekning på registrert adresse.

For meir informasjon kan ein sjekka i Telenor sitt dekningskart www.telenor.no/dekning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?