Telenor oppgraderer mobilnettet – nokre adresser blir råka av nedetid
%20dekkingskart%20Tysnes.png)
Områda med raudt kan oppleva dårlegare kvalitet på mobildekninga i perioden oppgraderinga til 5G pågår, fram til 9. april.
Ti adresser i Kvinnherad risikerer å vera utan mobildekning i periodar fram mot 9. april.
Telenor oppgraderer til 5G på austsida av Tysnes, og adresser i Stussvik-området kan bli råka av nedsett kapasitet fram til 9. april.
– Me oppgraderer nettet vårt slik at fleire får tilgang til 5G, og det skjer ved at basestasjonane blir oppgraderte. I området som basestasjonen dekkjer, vil det under oppgraderinga vera lågare kapasitet og periodar inga dekning. Dette gjeld berre dei områda der ein ikkje har overlappande dekking frå annan basestasjon, opplyser Telenor i ein e-post til Kvinnherad kommune.
Telenor melder at dei varslar kundar som har trådlaus breiband og abonnement på mobil direkte om dei mister dekning på registrert adresse.
Det er til saman ti adresser i Stussvikvegen og Ølvesvegen som er venta å mista dekning i periodar.
For meir informasjon kan ein sjekka www.telenor.no/dekning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert