Frivilligkoordinator ved institusjonane Lene Monsen (t.v.) og Bente Nilsen ved frivilligsentralen gler seg storleg over løyvinga, og mogelegheita til å gjera alvor av prosjektet «Med hjarte for alle». (Foto: Kvinnherad kommune)

Frivilligkoordinator ved institusjonane Lene Monsen (t.v.) og Bente Nilsen ved frivilligsentralen gler seg storleg over løyvinga, og mogelegheita til å gjera alvor av prosjektet «Med hjarte for alle». (Foto: Kvinnherad kommune)

Får 750.000 kroner til «Med hjarte for alle»

Kvinnherad kommune får ein stor del av potten når Helsedirektoratet deler ut midlar for å motverka einsemd og passivitet.

I søknaden står det at Kvinnherad kommune vil invitera til opne hus for alle kvar veke, for å skapa gode sosiale møteplassar og arrangera kulturelle dagsturar med naturopplevingar i lokalmiljøet.

– Vår kommune er langstrakt, og derfor ønskjer me å laga ei transportordning til våre opne hus. Me ønskjer at verdien av frivilligheit i omsorg skal verdsetjast og me ønskjer å skapa gode kvardagar for alle frivillige og tilsette i omsorg gjennom felles mål og kompetanseheving, står det i søknaden.

– Dette gir oss eit handlingsrom for å leggja ein heilskapleg plan. Me er svært takksame for å få dette tilskotet, seier kreftene bak søknaden, frivilligkoordinator ved institusjonane Lene Monsen og Bente Nilsen ved frivilligsentralen.

– Å skapa gode kvardagar

Dei seier dei brukte litt tid på å tenka ut kva ein kunne søkja på då utlysinga kom.

– Å skapa gode kvardagar er nøkkelen her. Dette gir oss eit handlingsrom for å leggja ein heilskapleg plan. Me er trygge på at dette blir spennande og kjempegøy, og me er svært takksame for å få dette tilskotet, seier dei to.

Frivilligkoordinator ved institusjonane Lene Monsen (t.v.) og Bente Nilsen ved frivilligsentralen får 750.000 frå Helsedirektoratet for å gjennomføra prosjektet «Med hjarte for alle». (Foto: Kvinnherad kommune)

Frivilligkoordinator ved institusjonane Lene Monsen (t.v.) og Bente Nilsen ved frivilligsentralen får 750.000 frå Helsedirektoratet for å gjennomføra prosjektet «Med hjarte for alle». (Foto: Kvinnherad kommune)

Målgruppa for «Med hjarte for alle» er vaksne og eldre som står i fare for å oppleve einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekking.

Opne hus-satsinga skal skapa jamlege møteplassar som gir motivasjon, vekker interesse og gir lyst til å bli med og bidra i sitt lokale fellesskap. Ansvaret for tilrettelegging og gjennomføring av tiltaka blir lagt til frivilligsentralane og frivilligkoordinator i helse, då dei vurderer samhandling med frivillige organisasjonar og næringsliv vil vera essensielt for å lukkast.

Anerkjenna frivillig arbeid

– Tiltaket skal motverka einsemd og passivitet med å skape sosial aktivitet og deltaking med meining. Me skal førebyggja psykisk uhelse med å skapa kvardagsglede og jamlege aktivitetar som gir tryggleik for målgruppa. For å nå ut med informasjon til målgruppa skal me samarbeida om ein heilskapleg informasjonsstrategi i kommunen, skriv dei i søknaden.

Brukarane av tiltaka vil etter alt å døma trenga transport.

– Me vonar å få til ei hybridløysing med kompisløysing og buss. Det er torsdagen som blir dagen for aktivitetane. Du kan leggja til rette for så mykje innanfor desse rammene. Me håper å visa fram verdien på frivillig arbeid i denne sektoren, og å løfta det opp slik at det blir synleg. Det er viktig å anerkjenna verdien det har å gjera frivillig arbeid, seier Nilsen og Monsen.

I søknaden har dei innbakt kompetansehevingssamlingar for både frivillige og tilsette i helse og omsorg.

– Dette er eit tiltak me håper å få vidareført til neste år, sluttar dei.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?